TV-programmet engasjerte før i tida også: «Det forekommer oss at det har vært en tendens til å foretrekke det eksklusive»

18.10.2022

Da eg for nokre dagar sidan publiserte innlegget Invadert av kjendisar på Fintenkjarplassen, resulterte det i ein respons som eg knapt har opplevd maken til. TV-kanalane si kjendisdyrking opptar tydelegvis flere enn meg.

Sidan fjernsynet kom hit til landet for drøye 60 år sidan, har programtilbodet vore eit ynda diskusjonstema blant folk. Ja, i fjernsynet sin barndom hende det til og med at sjølvaste Stortinget blanda seg inn. Program med bannskap, nakne kroppar og anna sedløyse vart det fort rikspolitikk av på 60-talet.

I Tidens Krav 17. oktober 1972 finn vi ein leiarartikkel, der avisa omtalar eit foredrag som den da ferske kringkastingssjefen Torolf Elster heldt til Kringastingsrådet. TK konkluderer med at «Torolf Elster er en klok mann». Ikkje først og fremst fordi han hadde partiboka i orden, men i dette tilfellet på grunn av at han tok eit aldri så lite oppgjer med NRK sin programprofil.

Tidleg på 70-talet bruka framleis NRK monopolsituasjonen til å ignorere vanlege folk sin smak. Det resulterte i mange radio- og TV-program, som gjekk langt over hovudet på sjåarane. Statskanalen vart skulda for å overause publikum med elitistisk finkultur. Faksimilen av TV-programmet for 17. og 18. oktober 1972, som du finn på denne sida, illustrerer godt kva tidtrøyte NRK hadde å by på for 50 år sidan.

I det nemnte foredraget la Elster vekt på at det var folket som hadde etablert NRK. Han påpeika at heile 71 prosent av innbyggarane i Norge ikkje hadde anna utdanning enn folkeskule. Ifølge leiarartikkelen uttala Elster at «kringkastingen skal vite at disse mange er dens fornemste publikum, og den skal la dette være bestemmende for formene for sitt kulturtilbud».

I TK-leiaren får Elster sine tankar støtte. Vi saksar vidare: «Vi har et kringkastingsmonopol i Norge, og verken seere eller lyttere har valgmuligheter, bortsett fra den som består i at de kan slå av når de ønsker det. (...) Det forekommer oss at det har vært en tendens til å foretrekke det eksklusive, det som synes å ha adresse til en viss elite blant publikum. Vi tenker ikke minst på enkelte av musikkprogrammene som er av den art at de stiller helt usedvanige krav til - vi vet ikke om vi skal si musikkforståelse - for ikke å si musikalsk overbærenhet. De samme tendenser er kommet til uttrykk i valget av teaterforestillinger i begge media, og til dels også i presentasjon av litteratur».

Leiarskribenten meiner at NRK skal halde fram med å eksperimentere, «og la sitt store publikum få anledning til å møte de nye strømninger og kunsneriske uttrykksformer som gjøre seg gjeldende, men alt med måte. Når det blir for mye av det er vi redd for at det virker frustrerende på en stor del av lytterne og seerne».

Ja, vi som er gamle nok til å ha fått med oss kringkastingsmonopolet og «folkeopplysningstida» i NRK, hugsar både irritasjon og frustrasjon. Men som det står i leiaren, folk hadde ikkje noko val. Forutan Dagsrevyen, var måndagsfilmen, Detektimen, Sportsrevyen og underhaldningsprogramma på laurdagskvelden lyspunkta i ein TV-kvardag, som sett med dagens auge var beksvart. Men altså: TV-sjåarane visste ikkje om noko anna.

Slik sett var det banebrytande av Torolf Elster å ta til orde for eit programtilbod som i større grad enn før var tilpassa folk sine ønske. Så må det leggast til, at sjølv om NRK vart litt lausare i snippen utover i Elster sin periode som sjef, så vart det ikkje akkurat tatt sjumilssteg. Den store realitetsorienteringa til NRK kom først i 1992, da TV2 vart starta. Truleg var 90-talet det beste TV-tiåret vi har hatt her i landet. Enno tok TV2 oppgåva som allmennkringkastar på alvor. NRK svara på konkurransen med kvalitet og nytenking. Det var gode tider for TV-publikummet.

Og det beste av alt: Lukkeleg uvitande var vi om kjendisinvasjonen som seinare skulle kome.

Les også: Invadert av kjendisar