Exit «Senkveld» - og fleire burde ha slått følge ut døra

12.04.2021

I dag fekk vi vite at det er slutt for programmet «Senkveld» på TV2. Programmet har gått i 20 år, først lenge med Thomas Numme og Harald Rønneberg som programleiarar, og no den siste perioden med Stian Blipp og Helene Olafsen ved roret.

Mange vil sikkert oppleve «Senkveld» sin exit som vemodig. Eg er ikkje blant dei. Tvert om meiner eg at programmet burde ha vore tatt av lufta for lenge sidan, til liks med andre gjengangarar på fredagskvelden. Både NRK og TV2 har fått det med at når eit program samlar mange sjåarar, er det ikkje måte på kor mange år dei skal få halde på. Etter min smak er «Nytt på nytt» på NRK eit anna program som no er på overtid av overtida. Men så lenge eg høyrer til ein minoritet blant TV-publikumet, får dei nok fortsette lenge enno.

Det var først på dette årtusenet at kanalane begynte å satse tungt på fredagskvelden. Med programma «Beat for beat», «Nytt på nytt» og «Først & sist» med Fredrik Skavlan skapte NRK «gullrekka». Det var to magiske TV-timar. Ja, noko heilt nytt. Vi sat klistra til skjermen, og sjåartala gjekk til himmels. På same tid var det altså at TV2 sette i gang med «Senkveld», som også vart ein kjempesuksess.

«Nytt på nytt» lever framleis, og det skal visstnok kome fleire sesongar med «Beat for beat». Derimot er nok tida ute for Fredrik Skavlan, som opplevde ein gedigen nedtur da han gjekk over til TV2. Programma var verken særleg annleis eller dårlegare enn før på ny kanal. Men kanskje hadde folk rett og slett fått nok?

TV-tilbodet er større enn nokon gong. Men aldri før har det vore så mange reprisar og gjengangarar som tydelegvis skal mjølkast til siste drope. På dei kommersielle kanalane har det også vorte slik at når eit program blir populært, skal det ikkje gå berre ein gong i veka, men kvar kveld. Så skal eg i denne samanheng ikkje kommentere den vesle klikken av kjendisar som vandrar frå kanal til kanal og deltek i kvarandre sine program. «Norge er et lite land i verden», sa Lars Korvald. Han hadde rett.

Så altså: Eg sørger ikkje over «Senkveld», saknar verken Fredrik Skavlan eller «Beat for beat» og håpar at «Nytt på nytt» snart får avløysing.