Ulike som politikarar - fødd på same dato

13.04.2021

3. april, den siste vinterdagen, kan vi minnast eit knippe norske politiske profilar som alle vart fødde på denne datoen. Det har seg slik at både Per Kleppe, Thorbjørn Berntsen, Berge Furre og Kaci Kullmann Five kom til verda 13. april. Av desse lever berre Thorbjørn Berntsen. Stil og ståstad er ulik, men alle har på kvar sitt vis sett spor etter seg.

Thorbjørn Berntsen vart fødd i 1935, og var i mange år ein markant Ap-politikar av den gamle skulen. Han var stortingsrepresentant i perioden 1977-1997, og vart både miljøvernminister og nestleiar i partiet. Berntsen er rekna for å vere hovudmannen bak den arbeidsmiljøloven som Norge har i dag.

På grunn av sin ofte uortodokse stil fekk Berntsen kallenamnet «Leppa fra Grorud». I 1993 kalla han sin britiske ministerkollega «ein drittsekk», og mindre oppstyr vart det ikkje ni år seinare da han uttala at «...at noen har truet seg til å danse med Anniken Huitfeldt på et fylkespartimøte - den personen må ha vært jævla full». Berntsen og Huitfeldt avslutta feiden kort tid etter.

Per Kleppe (1923-2021) sat som statsråd i fire Ap-regjeringar i åra 1971 til 1981. Av desse var han finansminister i perioden 1973-1979. Kleppe var handels- og skipsfartsminister frå 1971 til 1972, og han avslutta sin politiske karriere som minister for samordna langtidsplanlegging i åra 1980 og 1981.

Kampen mot inflasjon og arbeidsløyse var ei sentral sak på Kleppe si tid, og mange vil hugse den dåverande finansministeren for motkonjunkturpolitikken og dei såkalla «Kleppe-pakkane».

Berge Furre (1937-2016) var politikar, historikar og teolog. Han vart i si tid ekskludert frå Arbeidarpartiet, og deltok i etableringa av SF/SV i 1961. Frå 1976 til 1983 var Furre leiar av SV, og han sat på Stortinget i perioden 1973-1977, da SV-gruppa talde heile 16 representantar.

Ved sida av partipolitikken hadde Furre ei lang rekke med verv og engasjement. Han var m.a. medlem av Lund-kommisjonen, som undersøkte dei hemmelege teneste i Norge, og han sat i Nobelkomiteen. I 1998 vart han ordinert som prest.

Om Kaci Kullmann Five hadde levd, ville ho ha fylt 70 år 13. april 2021. Ho var fødd i 1951, og døydde i 2017. Si rikspolitiske karriere starta ho i 1977, da ho vart leiar i Unge Høgre. Seinare vart det stortingsplass frå 1981 til 1997, og ho sat som den første kvinnelege leiaren av Høgre frå 1991 til 1994. Kaci Kullmann Five var handels- og skipsfartsminister i regjeringa Syse (1989-1990). I 2003 vart ho medlem av Nobelkomiteen. Frå 2015 og livet ut var ho leiar av komiteen.