Utanfor allfarveg på Atlanterhavsvegen

16.07.2022

Atlanterhavsvegen var opprinneleg strekninga mellom Vevang og Kårvåg. Som ein del av Nasjonale turistvegar, går Atlanterhavsvegen i dag frå Bud til Kårvåg.

Vegen ute i havet er spektakulær. Storseisundbrua, med sin mektige profil, har vorte internasjonalt berømt. For den som vil stoppe på, oppleve og sjå, tar det tid å tilbakelegge dei drøye åtte kilometrane det er snakk om.

Men også strekninga mellom Bud og Vevang inviterer til store naturopplevingar. Her er nokre få tips. Meir informasjon finn du på kart, i brosyrer og på nettet. Litt forarbeid gjer turen meir utbytterik, uansett mål. Det er mi erfaring.

Den første stoppen tek du sjølvsagt i Bud, Hustadvika sin hovudstad. Bud har mykje å by på. Her er avstandane så korte, at du kan la bilen stå og heller vandre rundt for å ta inn stemninga i det gamle fiskeværet. Sjå deg rundt i den idylliske hamna. Og for all del: Ikkje gå glipp av utsikta frå Ergan.

Like nord for Bud ligg rasteplassen Kjekså. Her kjem ein tett på storhavet. Kjekså er ein svært populær stoppestad for turistane.

Vidare på ferda er det mange plassar der ein kan ta avstikkarar frå hovudvegen og kome seg nær havet. Alle kan anbefalast! Eit «must» er Askevågen, der det er montert ein arkitektteikna utsiktsveranda.

Mellom Skotten og Vevang er det storfelt utsikt til Kråkholmen, Teistklubben, fyret på Kvitholmen og ei mengd andre øyar, holmar og skjer. Tek du av og køyrer du dei få metrane ned til Kråkholmen, vil du ikkje angre. Dette er ein verkeleg flott plass.

Atlanterhavvegen er i dag eit av dei største turistmåla i Norge. I turistsesongen mai - august ligg talet på passeringar godt over 300.000. (2019-tal frå Visit Nordvest). Inkludert trafikken gjennom heile året, betyr det at talet på besøkande nærmar seg millionen på årsbasis.

Sett i lys av denne eventyrlege turisttrafikken, og den verdiskapinga som blir utløyst, er det rart å tenke på kor lunkne vegstyresmaktene var til vegen. Vegsjefen i Møre og Romsdal meinte i si tid at trafikken ville bli så liten at den knapt kom til å dekke løna til dei som arbeidde på bomstasjonen. Da forslaget om Atlanterhavsvegen vart lagt fram i fylkesutvalet, var vegen berre ei røyst unna å bli nedstemt.

Det høyrer sjølvsagt med til historia at verken skeptiske politikarar eller andre kunne forutsjå reiselivspotensialet som låg i Atlanterhavsvegen. Da ivrige pionerar i si tid begynte å planlegge prosjektet, var det grunnleggande formålet å gjere Averøya landfast. Turisme var ikkje noko viktig tema.

Men det skulle raskt vise seg at vegen kom til å bli noko meir enn ein lokal veg inn til fastlandet for averøyingane. Turisttrafikken tok seg raskt opp. Aallereie i 1999 - fem år før tida - vart Atlanterhavsvegen bomfri. Resten er, kort oppsummert, historie.

Bygginga av Atlanterhavsvegen starta i 1983. Seks år seinare skjedde den offisielle opninga. Prislappen var 122 millionar kroner, som i dag tilsvarar i overkant 230 millionar.

(Klikk på bilda i galleriet for å sjå dei i fullt format).