Lokal kunst med kamera og pensel

27.11.2021

To lokale kunstnarar, Kolbjørn Håseth og Eva Frisnes, stiller ut på Ergan i Bud. Utstillinga går over fire dagar, 27. november, 28. november, 4. desember og 5. desember. Opningstid alle dagar er kl. 12-16.

Eva og Kolbjørn handterer kamera og pensel på ein måte som gjer at ein kan seie at dette er ei utstilling av svært høg klasse. Det er ikkje tilfeldig at desse to har hausta stor anerkjenning for arbeida sine utanfor både Bud og landet sine grenser.

Utstillarane opererer ofte i lag ute i naturen for å finne motiv og inspirasjon. Dette pregar utstillinga. Det finst interessante eksempel på korleis dei kvar på sin måte har tolka same motiv, og på meisterleg vis har omsett inspirasjonen til bilde og måleri.

Slit du med å finne julepresang til nokon som har «alt», eller ønsker å pynte opp stua til jul, kan det vere ein god ide å besøke denne utstillinga.

På utstillinga får du også kjøpt Eva sin flotte 2022-kalender.