På tide at dei uvaksinerte tek ein for laget?

08.12.2021

Sjeldan har eg høyrd ein politikar så oppriktig fortvila og innstendig som da byrådsleiar Raymond Johansen tysdag kveld nærmast trygla folket i Oslo om å vaksinere seg.

«Til dere som ikke har tatt vaksinen - det er frivillig å vaksinere seg eller ikke. Men jeg vil benytte denne anledningen til å be dere innstendig vurdere det en gang til! Det er ingen tvil om at dere blir sykere, får alvorlige langtidsvirkninger, blir en belastning for dere selv, for de rundt dere og for helsevesenet dersom dere ikke vaksinerer dere», var Johansen sin bodskap.

Ein del menneske vel ikkje å la seg vaksinere. Dei er i sin fulle rett. Individet sin fridom til å ta eigne beslutningar, enten desse er lure, dumme, egoistiske eller solidariske, står sterkt i eit samfunn som vårt. No blir dette prinsippet sett på ein hard prøve.

Det er ikkje noko gale med prinsipp. Tvert om. Men kva når vi gjer våre eigne prinsipp større enn verda og medmenneska rundt oss? På sportsspråket er det noko som heiter å ta ein for laget. Burde ikkje vaksinemotstandarane no tenke på å gjere nettopp dette?

Fordi: Slik eg ser det, er uvaksinerte ikkje berre ein trussel mot eiga helse, men også mot andre si. Landet er i ein situasjon der det valet dei har gjort ikkje lenger kan kallast ei privatsak. Smittespreiinga er no så sterk at den truar helsevesen, næringsliv, skular, reiseliv, kulturliv og mykje meir. Tusenvis av menneske i dette landet, millionar verda over, blir tvinga til å sette liva sine på vent.

Kampen mot koronaviruset har om ikkje lenge vart i to år. Da pandemien braut ut, lurte vi på om den kom til å vare i ein, to eller tre månader. Ja, i løpet av eit halvt år måtte no i alle fall alt vere over. Gradvis vart tidshorisonten utvida. I dag er det nye scenariet at koronaen kanskje er komen for å bli. Vi må belage oss på eit liv i lag med viruset.

Prognoser viser at vinteren kan bli prega av ei voldsom smittebølge. Vi må alle førebu oss som best vi kan. Ein naturleg start for alle burde vere å sørge for at ein er vaksinert. Lytt til Raymond!