Vann OL-gull i 1972 - no fyller han 80 år

28.03.2022

28. mars 2022 gratulerer vi langrennsløparen På Tyldum med 80-årsdagen. Det er ikkje mange kveldane sidan vi såg han i TV-ruta. Han var lik seg, og er tydelegevis svært sprek 80-åring.

Tyldum var av den klassiske typen langrennsløparar, som vi godt vaksne kanskje har eit ekstra nostalgisk forhold til: Stillfaren, sympatisk, råsterk og god på dei lange løpa.

Høgdepunktet i karriera var OL-gullet på femmila i Sapporo i 1972. Nokså typisk låg Tyldum heilt nede på 18. plass etter 15 kilometer, men gradvis gjekk han seg oppover på lista. Han var ein meister til å planlegge løpa sine. I mål var Tyldum 15 sekund føre Magne Myrmo. Tyldum vart med dette løpet den siste som vann OL-gull på treski. To år seinare vart Myrmo den siste verdsmeisteren på treski.

I Sapporo tok Tyldum også sølv på tremila, og var med på det norske laget som vart nummer to på stafetten. Norge låg lenge an til å ta stafettgullet. Men den norske ankermannen Johs. Harviken, som gjekk ut med ei leiing på 59 sekund, takla ikkje nervepresset. Med Vjatsjeslav Vedenin i hælane på oppløpet kryssa Harviken skiene og fall. Dermed gjekk førsteplassen til Sovjet.

Eg var ein langt over snittet sportsinteressert 16-åring i 1972, og hugsar stafetten svært godt. Vi braut oss opp i grålysinga, og såg heile rennet før det bar til skulen. Det var ulideleg spennande å følge med på korleis Vedenin meter for meter åt seg innpå Harviken, som verka meir eller mindre paralysert.

På Tyldum gjekk på det norske laget som tok stafettgull i Grenoble-OL i 1968, og han var med på å sikre staffettsølv for Norge under OL i Innsbruck i 1976. I OL i 1976 var Tyldum flaggberar for Norge.

I perioden 1968-1976 vann Hållingen-løparen 15 NM-medaljar. Av desse var sju gull, fem sølv og tre bronse.

I samband med 80-årsjubileet arbeider lokale krefter på Høylandet med å få reist ein statue av Pål Tyldum i sentrum av bygda. Den som vil bidra kan vippse til 691027.