Var Torgeir Brandtzæg den eigentlege oppfinnaren av v-stilen?

07.10.2021

Var Torgeir Brandtzæg den eigentlege oppfinnaren av v-stilen i hopp? I samband med at den tidlegare storhopparen fylte 80 år 6. oktober, har spørsmålet på nytt dukka opp i sosiale media.

Det er eit faktum at svært mange svevbilde av Brandtzæg viser det ein kan kalle ein forsiktig v-stil. Kor bevisst Brandtzæg sjølv var på denne skiføringa veit ikkje eg. Men han hoppa som regel svært langt. Det vitnar dei gamle resultatlistene om. Ogndølen vart også kjent for sin svært dristige stil. Det vart sagt at han åt iskrem frå skituppane.

Torgeir Brandtzæg fekk ein suksessrik, men kort karriere. Etter eit stygt fall i finske Pitkävuori i 1965 måtte han legge opp, før han hadde fylt 24 år. 13. mars 1964 klarte for øvrig Brandtzæg å hoppe 97 meter på trening i Holmenkollen. Bakkerekorden på det tidspunktet var 84,5 meter. Da gjekk han over ende og øydela hælen i nedslaget, som i realiteten skjedde ute på sletta.

I 1964 tok Torgeir Brandtzæg bronse i begge bakkane under OL i Innsbruck. Han vann Hoppuka 1964/65, rennet i Lahti i 1965 og NM stor bakke i 1963, 1964 og 1965.