Helgetankar: Vårdagar i skyggen av krigen

20.05.2022

Helg igjen. Kor vart det av veka? Eg oppdagar at eg ofte stiller meg dette spørsmålet. Sjølv i eit saktegåande pensjonistliv flyg tida fort.

Denne veka inneheldt 17. mai. For første gong sidan 2019 kunne vi feire nasjonaldagen på normalt vis. Innramma av det finaste vårver som tenkast kan, vart det ei feiring for historiebøkene.

Historisk er det også at vi feira 17. mai i skyggen av ein krig i næraste nabolaget. Det er slikt som gir grunn til refleksjon. Fred og fridom er faktisk noko vi ikkje kan kan ta for gitt. Freden er tvert imot ein skjør konstruksjon. For generasjonar som aldri har opplevd krig på nært hald, er det ei krevjande erkjenning å forhalde seg til.

Krigen i Ukraina har skapt eit nytt Europa. Gamle oppfatningar om tryggingspolitikk og internasjoalt samarbeid står for fall. Det sterkaste bildet på desse endringane er at Sverige og Finland har søkt om medlemsskap i NATO. Vi får håpe og tru at Tyrkia ikkje greier å blokkere utvidinga av alliansen.

I Norge er det sjølvsagt brei politisk støtte til medlemsskapssøknaden til nabolanda våre. Men enkelte parti står bom fast i gamle, forsteina dogmer. Vi har politikarar på Stortinget som bramfritt proklamerer at NATO-medlemsskapet er ein trussel mot Norge si sikkerheit. På ytre venstre flanke er hatet mot USA framleis så sterkt, at det står i vegen for utsikta mot den verkelege verda.

Men i eit ope demokrati som Norge er det plass for alle syn. Om du har ei anna meining om NATO enn dei som sit med makta, får du delta i «Debatten» på NRK. Kontrasten til den einsrettinga og meiningskontrollen som det russiske folket må leve med er enorm. 31 år etter Sovjetunionen sitt fall, og vi trudde at den kalde krigen var over, styrer president Putin mot eit russisk samfunn bygd på idear og metodar som sender kalde gufs frå stalintida.

Det er er både spennande og skremande å følge med på det som skjer på den verdspolitiske arenaen. Eg trur at noko av det dummaste vi no kan gjere, er å klamre oss til gamle løysingar. Eg ser på 24. februar 2022 som starten på ein ny epoke, som mest av alt utfordrar oss til nyorientering når det gjeld sameksistens og samarbeid med andre land.

Men uansett bakteppe; helga er her igjen. Eg har tenkt å la storpolitikk vere storpolitikk, og heller gle meg over dei små og nære ting. Eg ser fram til gode helgemåltid saman med Mette. Barnebarnet vårt Benjamin på Tau fyller ti år. Det er ein milepel som er verdt ei lita feiring. Molde møter KBK til lokalderby laurdag. Det er aldri feil med ein fotballkamp. Eg har budd halvparten av mitt vaksne liv i Romsdal. MFK er klubben i mitt hjarte. Sorry, Nordmøre...

Denne helga startar også leseprøvene for Atlanterhavsspelet, som har premiere på Ergan kystfort i Bud i slutten av juli. Både eg og Mette er litt engasjert utanfor scenen. Eg styrer med kontakten mot media, medan Mette sørger for at dei mange som deltek på prøvene søndag ikkje svelt. Spelet er eit stort løft for eit lite lokalsamfunn. Det er artig å kunne bidra.

Eit ordtak med ukjent opphav seier at «livet er som ein toalettrull. Dess nærmare du kjem slutten, dess raskare går det». Det gjeld å få det beste ut av kvar enkelt dag, både ørk og helg. Sjølv om det er mangt å uroe seg over.