Vebju er på beina igjen

14.09.2022

Etter ein pause på to og ei halv veke, er Vebju atter på beina. Kroppen til mannen bak tastaturet har fått sitt høgst påkrevde vedlikehald.

Dette er dei første linene eg skriv på PC etter operasjonen. Idet eg festar denne vesle teksten til skjermen, er det omtrent på timen to veker sidan eg vakna opp frå to døgn i koma. Da klarte eg ikkje å halde så mykje som eit pappbeger med vatn ved eiga hjelp. No går eg turar, trenar i loftstrappa og gjer øvingar som skal hjelpe til med å få kroppen på rett kjøl. Det går framover. Sjølv om det er langt att.

Ein gjer seg mange refleksjonar etter opplevingar som den eg har vore igjennom. Når alle fire dekka er tomme for luft, lærer ein mykje om både seg sjølv og det heilt fenomenale helsevesenet vi har i dette landet. Ja, ikkje minst det siste. Eg kjem nok til å skrive meir om dette etter kvart.

Det regnar i Bud i dag. Eg kunne ikkje ha brydd meg mindre. Mette diskar etter kvart opp med tjukkerter - ikkje noko mindre - til middag. Seinare skal eg ut og kjenne på havlufta. Det er utruleg godt å kunne sjå framover, og vite at ein operasjon som har romstert i bakhovudet sidan februar i år, faktisk er unnagjort.

Den vakne lesar vil sjå at denne sida no har skifta namn. Tidlegare har sida bore same namn som enkeltpersonforetaket mitt. No har eg gjort ein liten vri. Det nye namnet må oppfattast som eit signal om at eg ikkje har tenkt å legge ned pennen.