Eitt år med Vebju

16.11.2021

Idet eg sit og fyller på med litt nytt innhald på nettsida, ser eg at det på denne dagen, 16. november 2021, er nøyaktig eitt år sidan Vebju Media Ansnes gjekk «på lufta».

Samstundes med at eg som nybakt pensjonist oppretta eit enkeltpersonforetak med same namn, fann eg ut at ei nettside kanskje kunne vere passande tidtrøyte for ein avdanka pressemann.

Eg hadde nokre tankar om korleis dette skulle bli da eg starta. Så har vegen vorte til medan eg har gått. Heldigvis er det slik at ein lærer så lenge ein lever. Eg har opplevd at erfaringa frå mange år med nettpublisering i yrkessamanheng har vore god å ha. Det er interessant å sjå korleis mekanismene langt på veg er dei same for ei lokalavis som ei hobbyside. Så har det på vegen også dukka opp nokre overraskingar.

Interessa for sida har langt overgått det eg såg for meg. Eg hadde sjølvsagt eit håp om at nokon kunne klikke seg inn av og til. Når eg ser på trafikktala for det første året, blir eg faktisk litt overvelda. Takk til alle som trufast er innom, og slik bidreg til å halde humøret og sjølvtilliten til ein gammal mann oppe.

Ved godt mot tek eg fatt på det andre året.