Veg, ferje eller bru? Bølandet trua av isolasjon sist på 50-talet

23.03.2022

Avisreferat frå møta i Åsskard kommunestyre og andre avisoppslag på slutten av 50-talet, viste at noko måtte gjerast for å betre kommunikasjonsforholda for folket på Bølandet. MRF reduserte på sitt rutetilbod. Med unntak av skulebåten over sundet, såg det ut til at bygda dei fleste dagane i veka kunne bli utan kontakt med resten av kommunen.

I 1957 budde 17 prosent av innbyggarane i Åsskard kommune på Bølandet. Jordbruket var ei stor næring i kretsen, der det i 1957 var 64 mjølkekyr. Eit svekka båtrutetilbod ville også skape vanskar for mjølkeprodudusentane. 

21. mars 1957 hadde Tidens Krav eit oppslag om saka, der m.a. seks oppsittarar fekk sleppe til med sine synspunkt. Spørsmålet dei svara på var: Veg, ferje eller bru til Bølandet? Avisoppslaget, som er signert MAG, kom i etterkant av eit folkemøte, der folket fekk legge fram sine synspunkt. Ifølge TK meinte dei fleste på møtet at veg var den beste løysinga. Bru stod øvst på ønskelista, men innbyggarane trudde at dette ville bli for dyrt. Da fekk ein ta det nest beste.

Her er eit utdrag av svara til dei seks som uttala seg til Tidens Krav:

Gardbrukar og postbud Leiv Bæverfjord:

- Alle er samde om at veg er det beste, men i mangel av det beste må vi ta det nest beste, og det er ferje.

- Kva med bru?

- Det ville sjølsagt vore det aller beste, men eg er redd det vert for dyrt.

Gardbrukar og fiskar John P. Bøe:

- Det kan vera mange meiningar om det, men eg har berre ei, og det er Bøliveg.

- Kva med bru dersom det er økonomisk gjennomførleg?

- Det vert sikkert for dyrt.

Husmor Eli Bøe:

- Eg ville hatt bru dersom det er råd å få til det. Da ville vi få betre samband med Nordstranda. Men dersom vi får veg, greier vi oss godt med skulen på Sjøheim.

Samvirkelagsbestyrar Ola Sjøflot:

- Vi må ta omsyn til kva kommunen maktar. Bru ville vera det aller beste. Men får vi veg i løpet av 20 år meiner eg vi bør halde på det alternativet. Får vi ikkje veg før om 40 år kunne kanskje ferga vere ei mellombels løysing.

Gardbrukar Lars Gravvold:

- Eg er førebels stemt for at ein må prøve å oppretthalde båtrutene, men dersom det kan skaffast pengar meiner eg at veg er det beste.

Fiskar Lars Gjengstø:

- Bygg veg. Ferge er ei svært dårleg løysing og vil verta så dyr i drift at det ikkje er tale om at kommunen klarer det. Eit års fergedrift vil bli mykje dyrare enn vegvedlikehaldet.

I dag veit vi fasiten. Brua over Bøsundet vart opna hausten 1964. Nyttårshelga 1992 vart Bølandet plutseleg innhenta av gammeltida, da orkanen øydela brua. Men allereie hausten same året stod ny bru ferdig. Stortingsrepresentant Gudmund Restad var snorklippar.