Vi har snakka i telefonen i 146 år

10.03.2022

Ein moderne telefon kan brukast til så mangt - til og med til å snakke i. Det er ikkje måte på.

Da Alexander Graham Bell i 1876 fann opp telefonen, såg han neppe for seg at remediet kunne brukast til noko anna enn samtalar mellom folk. 10. mars 1876 er rekna som datoen for verdas første telefonsamtale. Den var gjennomført av Alexander Graham Bell sjølv og partnaren hans, Thomas Watson.

Til Norge kom telefonen same året. Det første apparatet vart montert i Ålesund. Landets første telefonsentral vart oppretta i Kristiania i 1880. I september dette året var talet på abonnentar 88. I 1901 tok staten over telefonanlegget i Oslo. Samtidig vart det starta opp mange konkurrerande selskap rundt om i landet. Fram til andre verdskrig auka talet på abonnentar i Norge til ca. 150.000.

Historia om telefonen er ei lang forteljing om ei nesten uverkeleg teknologisk utvikling. Mange hugsar enno tida da telefonen ikkje var allemannseige. Det er faktisk ikkje så lenge sidan. Dei som hadde telefon, fekk rett som det var besøk av naboar som hadde behov for å ringe. For dei som lånte telefonen gjaldt det å fatte seg kort og konsist. Tørrprat kosta pengar.

På Kvennbø var vi fire abonnentar på same linje. Ringte nokon f.eks. til Myra, høyrde også Austistua, Utigard og Litj-Kvennbø ringesignalet. Så lenge dei i Myra snakka, var det ikkje mogleg for dei andre på linja å bruke telefonen. Den som løfta av røret, kunne derimot overhøyre samtalen til naboen. Eg høyrde aldri omtala at det var noko problem. 

Ja, det var tider. Men sjølv om det eg her mimrar om i dag framstår som primitivt, var sjølvsagt telefonen også da eit praktisk hjelpemiddel i kvardagen.

I dag finst det frameis 115.000 fasttelefonar i Norge. Elles har mobiltelefonan tatt fullstendig over. Mobiltelefonen sitt inntog har også gjort at det ikkje lenger finst berre ein telefon pr. husstand. Alle i huset, også dei yngste, har kvar sin.

Mobiltelefonen har eksistert sidan midta av 50-talet. Det første mobiltelefonnettet i Norge vart oppretta i 1966. Mobiltelefonen på den tida var ikkje noko for folk flest. Apparata var både store og kostbare. Det var først i 1993, da GSM-nettet kom, at mobiltelefonen kunne kjøpast til ein pris som var overkommeleg for folk flest.

Før 1993 var dei dominerande systema NMT 450 og NMT 900. Telefonane i desse systema si tid var så store at dei måtte fastmonterast i bil, og dei kosta mykje. Eg hugsar frå tida mi i avisa Fylket at vi kjøpte den den første mobiltelefonen i 1986. Den kosta rundt 15.000 kroner, som i dag tilsvarar ca. 36.000 kroner. Telefonrøret var montert ved girstonga, medan sjølve telefonen, ein stor og tung boks, stod montert bak i bilen. Denne boksen på fleire kilo måtte vi bere med oss, om vi skulle snakke i telefonen utanfor bilen. Men det verste av alt, om ein kan seie det slik: Vi tykte dette var umåteleg lettvinte greier.

Som ein kuriositet: Da personsøkaren kom, var vi nærmast i himmelen. Også denne innretninga kosta. Eg kan hugse at eg for å vere sikker la kjøp av personsøkar fram for styret, før investeringa vart gjort. Dei som gjekk rundt med ein personsøkar godt synleg i beltet viste for omverda at dei hadde forstand på teknologi, og at dei yrkesmessig var i ein stuasjon som gjorde at mange hadde behov for å kome raskt i kontakt med dei.

Etter at GSM-nettet kom, krympa telefonane raskt i størrelse. Dei fekk plass i brystlomma på skjorta eller i innerlomma på jakken. Prisane gjekk også kraftig ned.

Resten er historie. Eller rettare sagt, starten på ei historie som ikkje ser ut til å ha nokon ende. No går dei fleste rundt med smarttelefonar, som er telefon og datamaskin i eitt. Vi tykkjer det er avansert. Men neste generasjon vil heilt sikkert le av oss, og omtale 2020-talet som ein teknologisk steinalder.