Vi har testa Hustadvika sin nye tursti: Terningkast seks

05.09.2021

Hustadvika kommune har fått eit nytt tilskot til sitt allereie rike utval av turstiar. Laurdag 11. september er det offisiell opning av turstien mellom Vikan og Venås.

I det fine veret i dag, fann eg og Mette ut at vi skulle teste den nye turstien. Konklusjonen etter gjennomført marsj er denne: Dette er ein fantastisk flott tur, som dei aller fleste - uavhengig av alder og fysisk form - vil ha stor glede av. Stien går i lett terreng. Her er det tørt og fint, og heile vegen er ein velsigna med utsikt til ope landskap i alle retningar. Verkeleg ei perle. Terningkast seks!

Det er Vikan velforening som inviterer til opningsarrangementet på Sandstølen, som ligg omtrent midt mellom traseen sine endepunkt. Her blir det snorklippping, tale og leikar/konkurransar for dei yngste, samt gratis kaffe og kaker. Arrangøren stiller med varme grillar for dei som ønskjer å ta med grillmat. Det heile starta kl. 12.

Vi møtte mange på vår vandring denne søndagen. Det blir heilt sikkert mange fleire komande laurdag. Og til dei mange utanbygds som tek seg turar til Hustadvika for å gå turstiane: Denne må de prøve!

Under finn du ein bildeserie frå turen vår.