«Vi hørte hvin fra bremser – så trodde vi fjell falt ned»

22.02.2022

22. februar 1975 er datoen for den verste togulykka i Norge i fredstid. 27 menneske omkom og 25 vart såra, da nordgåande persontog frå Oslo og sørgåande ekspresstog frå Trondheim kolliderte nord for Tretten stasjon.

Årsaka til ulykka var at nordgåande tog feilaktig forlet Tretten stasjon.

Normalt skulle dei to toga ha kryssa kvarandre på Fåvang stasjon. Men da toget frå Oslo var 35 minutt forseinka, bestemte fjernstyringsoperatøren at sørgåande tog kunne fortsette vidare nedover til Tretten. Her skulle nordgåande tog vente til sørgåande hadde passert.

Men så skjedde det fatale. Nordgåande tog vart ståande berre eit par minutt på Tretten stasjon, før det fortsette turen oppover dalen. 850 meter nord for Tretten skjedde kollisjonen. Berre sekund før det small, oppdaga fjernstyringsoperatøren at lyset på Tretten stasjon var sløkt. Han ringte til Tretten for å høyre om nordgåande tog verkeleg hadde køyrt vidare. Da han fekk dette stadfesta, kopla han omgaånde ut køyrestraumen. Men det var allereie for seint. «Vi hørte hvin fra bremser - så trodde vi fjell falt ned», uttala ein dansk passasjer som kom frå ulykka med livet i behald til Arbeiderbladet.

Kollisjonen var frykteleg. Dei to togsetta hadde tolv vogner kvar. Kvar for seg vog togsetta rundt 600 tonn. Sørgåande tog var oppe i toppfart på 100 km/t. Etter å ha køyrt nesten ein kilometer etter den altfor korte stoppen på stasjonen, var også nordgåande nær same fart.

Samanstøyten skjedde i ein uoversiktleg kurve. Det fanst ingen sjanse for å unngå kollisjon. Verst gjekk det utover dei to fremste vognene i Dovreekspressen på veg frå Trondheim til Oslo. Alle dei omkomne sat i desse vognene.

Lokførarane på begge toga klarte å sette på nødbremsen og så hoppe ut. Dei berga livet. Nokre få minutt etter kollisjonen kom den sjokkskadde lokføraren på toget frå Oslo løpande tilbake til stasjonen for å varsle om katastrofen.