Vil fjerne helligdagane: Eit forslag i beste Unge Venstre-tradisjon

30.05.2022

Ikkje før var ho ferdig med angrepa sine på bøndene og jordbruksoppgjeret, så slår ho til lyd for å fjerne alle kristne helligdagar og ta bort dei raude dagane midt i veka.

Ho er ei driftig dame, denne Ane Breivik, som for tida er leiar i Unge Venstre. Til topps i partiet sitt når ho nok likevel aldri. Om dei har tenkt å halde seg over sperregrensa.

Kontroversielle og provoserande utspel har alltid vore ein del av livsgrunnlaget for Unge Venstre. Dette siste forslaget frå leiaren føyer seg inn i ein lang tradisjon av idear, som stort sett har det til felles at dei aldri har kome lengre enn til Dagsnytt 18 sitt studio. Det er nok best for oss alle at det fortsett slik.

Det var i samband med Kristi Himmelfartsdag i år at Ane Brevik gjekk ut i Nettavisen og ville fjerne alle helligdagar og rauddagar, som ho karakteriserte som utdaterte og tåpelege: «Vi burde fjerne alle de kristne helligdagene. Vi har ikke lenger en statskirke. Det er ti røde dager i året og ideelt sett burde folk få ta ut dem sånn det passer dem. Kanskje de heller vil ha fri 18. mai eller under Eid i stedet for pinsehelgen», var bodskapen.

Unge Venstre meiner også at det ikkje finst noko som heiter «ubekvem arbeidstid», og at folk ikkje burde ha krav på verken helgekompensasjon eller overtidsbetaling. Har du ein jobb som krev arbeid på tider da andre har fri, er det ditt eige problem. Da har du valt feil yrke.

Det finst ikkje politisk fleirtal i Norge for Unge Venstre-leiaren sitt forslag. For det første er det ei relativt sams oppfatning at helligdagane representerer ein religion- og kulturarv som vi skal ta vare på. For det andre er dette eit spørsmål om tariffar og arbeidstid. Skal eit tital fridagar i løpet av året fjernast, vil det få vidtrekkande konsekvensar. Eg trur Breivik vil få det varmt om øyrane om ho går til fagrørsla og ber dei stille på arbeid 1. mai.

For mange handlar fridagane som Unge Venstre vil til livs også om trivsel, tid til familieliv og livskvalitet. Det er verdiar som ikkje skal undervurderast. Spaltist Arild Rønsen i Nettavisen set nok ord på det mange føler og meiner, når han skriv: «Jeg er ingen religiøs mann, men mener det vil være meningsløst å skrote de religiøst motiverte helligdagene. Jul og påske er en lise for folk flest, for familielivet, for samfunnet som helhet. Noen dagers hvile, sammen med dem du er glad i».

Det er mange måtar å gjere seg interessant på. Leiaren i Unge venstre må nok innsjå at det vart med Dagsnytt 18 denne gongen også.