Viruset spring frå oss

26.02.2021

To månader etter at vaksineringa starta er berre 2,5 prosent av alle nordmenn fullvaksinerte mot koronaviruset. Samtidig aukar smittetala kraftig. Torsdag 25. februar vart det registrert 551 nye tilfelle av  viruset i Norge. Det er 267 fleire enn snittet av dei sju siste dagane. Ikkje sidan 13. januar har det vore registrert så høg smitte på eitt døgn.

Tala er ikkje  lystelege, for å seie det forsiktig. Akkurat no er det vanskeleg å tru på lovnadane om at det verste skal vere over til sommaren.

At 2,5 prosent vaksinerte i slutten av februar allereie i sommar skal bli til 70 prosent, som må til for å få full samfunnsmessig effekt, verkar på ein lekmann usannsynleg. Frå min ståstad ser det heller ut til at viruset spring fortare enn både vaksinen og smitteekspertane. 

Eg har heile tida hatt stor tillit til styresmaktene si handtering av pandemien. Samtidig må eg seie at eg ikkje forstår kvifor det skal gå så seint med vaksineringa her til lands. Her er dei som står fremst i kampen mot covid-19 i ferd med å pådra seg eit forklaringsproblem.

Folk følger med, og ser at t.d. Storbritannia, som vi lo av for eitt år sidan, no ligg milevidt framom Norge når det gjeld vaksinering. Også Israel er langt framme. Det kan vere mange gode grunnar til at det er slik. Men ei stadig meir utålmodig befolkning krev tydelege svar.