Vodka og bannskap – på 70-talet fekk vi finsk fjernsynsteater

08.04.2022

«Finsk fjernsynsteater» er eit uttrykk som oppstod på 70-talet. Opphavet er dei finske stykka som vart sendt i Fjernsynsteatret på denne tida.

Uttrykket er langt frå positivt lada. I dag er det også bruka i overført tyding. Når vi skal beskrive noko som er ekstra mislykka, grått og frist, kan karakteristikken bli «finsk fjernsynsteater».

Vi som såg på dette, vil hugse teaterstykka som depressive, grå og saktegåande. Det skjedde lite. Ofte var det scener med nakne menn i badstua, som lira av seg endelause regler med bannskap og drakk vodka. Nevrotiske, ikkje sjeldan hysteriske, kjerringar styra innomhus saman med ungane. Eg kan ikkje minnast å ha sett eit finsk fjernsynsteaterstykke der nokon verka lykkeleg.

Ja, Fjernsynsteatret var noko for seg sjølv. 8. april 2022 er det 62 år sidan institusjonen vart oppretta. På den tida da NRK først og fremst skulle drive folkeopplysning - sjåartal var det ingen som brydde seg om - vart Fjernsynsteatret ein arena for mange eksperimentelle forestillingar. Folk forstod lite eller ingenting. Men kva skulle dei gjere? Det fanst ikkje andre kanalar å svitsje over til.

Dei traumatiske finske stykka, som det var mange av, vart som ein eigen sjanger. Visstnok hadde dei, ifølge den finske reiselivsnæringa, også den verknaden at nordmenn vegra seg mot å reise til Finland på ferie.

Folk flest mislika Fjernsynsteatret sterkt. Innhaldet vart oppfatta som uforståeleg og meiningslaust. I tillegg kunne stykka vekke moralsk forarging. Grovt språk, i enkelte høve lettkledde menneske - samt tema som i breie lag av folket enno var tabu, provoserte. Eit av dei første stykka som utløyste moralsk rabalder var «Elskeren» av Harold Pinter, som vart vist i 1964. Stykket handla m.a. om utruskap. Det var langt over grensa.

«Hvor i all verden ligger verdien i å vise slike utsøkt forskrudde mennesker? Selv fant jeg stykket bare ufyselig og utrivelig», uttala professor Johan B. Hygen.

Fjernsynsteatret gjekk fast på tysdagskveldar, og starta litt over klokka ni. Forestillinga kunne ofte vare i eit par timar, før Kveldsnytt kom.

I 1991 vart Fjernsynsteatret nedlagt, og erstatta av ei ny dramaavdeling.

Spesielt interesserte finn ei liste over samtlege fjernsynsteaterforestillingar her.