Farvel til ein bauta

25.08.2021

Eg har aldri vore nokon stor Rolling Stones-tilhengar. Men når Charlie Watts går bort i ein alder av 80 år, er det noko som vedkjem og rører alle oss som gjennom eit heilt liv har vore opptekne av rock.

Trommeslagaren Charlie Watts vil for alltid ruve som ein bauta. For millionar av menneske over heile verda har Rolling Stones vore ein knagg til å henge livet på. Mick Jagger og Keith Richards er dei einaste som har spela i gruppa heilt frå starten i 1962. Charlie Watts kom inn i 1963, og må nesten reknast som eit originalmedlem. No sit han kanskje på ei sky saman med Brian Jones (1942-1969), og ser ned på dei gamle kompisane. På sitt vis held dei framleis koken.

Rolling Stones er etter mi mening like mykje eit fenomen som ei rockegruppe. Få andre har gjennom rocken si historie skapt så mange skandalar og vekt så mykje oppsikt. Livsstilen har vore så som så. Eg las eit intervju med Mick Jagger i ei engelsk musikkavis tidleg på 70-talet. Der spådde han at ingen av bandmedlemmane kom til å bli eldre enn nokre og tretti år. Han tok feil. Sjølv er han no 78 år. Keith Richards, som av uforståelege grunnar enno ikkje har levd seg i hel, blir 78 år like før jul. Bill Wyman, Stones-bassist i perioden 1962-1993, fyller 85 år i oktober i år.

Nei, det går ikkje alltid slik ein trur. I dette tilfellet må ein vel seie at det er like greitt.

Charlie Watts var den som gjorde minst av seg i Rolling Stones. Som trommeslagar var han ingen spektakulær virtuos. Men ein slik type bak trommesettet har bandet heller aldri hatt bruk for. Watts gjorde jobben sin, og heldt på sin stødige måte pulsen i musikken i gang. Det er lett å samanlikne med Ringo Starr i The Beatles. Han var også den i gruppa som skapte minst oppstyr. Ringo gjorde det han skulle bak trommene, men - etter mi meining - likevel på eit noko meir ordinært vis enn Charlie Watts.

«God bless Charlie Watts we're going to miss you man peace and love to the family», skriv Ringo Starr på Twitter.

Ein fin siste helsing frå ei legende til ei anna. Alle vi andre kan seie: Kvil i fred!