Med fjernsynet kom den store verda inn i stua

11.03.2021

11. mars er det 105 år sidan den britiske politikaren Harold Wilson vart fødd. Han sat som statsminister for Labour i åra 1964-1970 og seinare i tidsrommet 1974-1976. Wilson døydde i 1995.

I dag er han sikkert for dei fleste eit namn i ei uendeleg mengde av internasjonale toppolitikarar som har kome og gått. Når eg skriv nokre liner om Wilson, er det fordi han er den første britiske statsministeren eg lærte namnet på. Heime på Kvennbø fekk vi fjernsyn allereie i 1963. Blant dei som ofte dukka opp i Dagsrevyen var Wilson. Verdsnyheiter rett inn i stua, med bilde, var noko heilt nytt den gongen. Vi lærte namna fort.

Andre politikarnamn som sit spikra frå den tida - ja, eg hugsar enno korleis dei såg ut, er Walter Ulbricht, Ludwig Erhard, Charles de Gaulle, Nikita Khrustsjov og John F. Kennedy. Kennedy er ei historie for seg. Eg gløymer aldri fjernsynet si ekstrasending med meldinga om at han var skoten og drepen.

Walter Ulbricht var den fremste kommunistleiaren i DDR på denne tida, medan Ludwig Erhard var rikskanslar i Vest-Tyskland i åra 1963-1966. Charles de Gaulle sat som president i Frankrike frå 1959 til 1969, og er vel kanskje den franske presidenten som flest hugsar i dag.

Tidleg på 60-talet kvilte det eit slags mytisk slør over den lukka Sovjetunionen. Vi lærte kva kommunisme og diktatur var. Mannen som sette ansikt på den mektige kommuniststaten var blide Nikita Khrustsjov, som leia Sovjetunionen frå 1953 til 1964. Han sjarmerte mange, men var nok ein ulv i fåreklede.