Ei lang reise - som vart avslutta med ni rundar rundt jorda

27.10.2021

Gjennom yrkeslivet vart det nokre skifte av arbeidsgjevar. Tre av dei gongane eg bytta jobb, skjedde det 1. november. Eg starta i Indre Nordmør 1. november 1979, i Stjørdalingen 1. november 1982 og i Aura Avis 1. november 1996.

Aura Avis skulle bli min siste arbeidsgjevar. Eg vart i avisa i 24 år, og gledde meg til å gå på jobb kvar dag. I åtte av Aura Avis-åra var eg i tillegg dagleg leiar, periodevis også ansvarleg redaktør, i Opdalingen. Det var aldri langsamt.

Da eg starta som journalist i Romsdalsposten 15. juni 1977, var avisa framleis trykt i bly. 43 år seinare, da eg takka for meg i Aura Avis, var hovudproduktet nettavisa. Det var ei lang reise prega av myke omstilling. Det kan det kanskje bli meir om ein annan gong.

Dei siste åtte åra av tida på Sunndalsøra budde eg i Elnesvågen og seinare Bud. I denne perioden køyrde eg ei strekning som tilsvarar ni gongar rundt ekvator for å kome meg til og frå arbeid. Om nokon i dag spør meg om saknar jobben, er svaret: Ikkje jobben, men køyringa. Ingenting er så avslappande som å køyre bil.

I samband med jobbskifta, har det vorte nokre intervju opp gjennom åra. Her er det som Tidens Krav skreiv da eg starta i jobben som redaktør i Aura Avis. Eg registrerer at ein ung og lovande førtiåring i alle fall visste kva han ville. Så gjekk vel ein del etter planen, og andre ting ikkje - slik det som oftast er i dette yrkeslivet.