Bil og buss brann opp i Halsa: Slik såg det ut på ulykkesstaden

11.10.2022

To utbrente vrak var det som stod att etter den dramatiske kollisjonen mellom ein buss og ei folkevogn i Halsa 30. september 1967. Ulykka har tidlegare vore omtala her på Skrivemaskineriet Vebju.

Kjelde for omtalen var reportasjen i Tidens Krav, som ikkje hadde bilde. No kan Skrivemaskineriet Vebju vise bilde frå ulykkesstaden, takka vere mitt søskenbarn Eyvind Sæthervik.

Eyvind var sju år i 1967. Han fortel at han dagen etter kollisjonen fekk vere med faren Erling og broren Arnfinn ut til Halsa for å sjå på det som var att av bilane. Synet av vraka gorde eit djupt inntrykk på ein sjuåring.

Arnfinn hadde med kamera, og det er dei bilda han tok som vi ser her. Det må ha vore mykje av både eld og varme. Det er ingen tvil om at kollisjonen med den påfølgande eksplosive brannen, lett kunne ha enda i ein katastrofe.

Etter ulykka kom det fram at det på denne tida ikkje eksisterte kontroll av naudutgangane på bussane. Sjølv om bussen som kolliderte var heilt ny, verka heller ikkje her naudutgangane som dei skulle. Fleire passasjerar måtte ty til takluka for å kome seg ut.

1. november 1967, altså to månader etter ulykka, kan Tidens Krav melde at den dramatiske hendinga i Halsa hadde fått konsekvensar. Bilsakkyndig Tore Hoem seier til avisa ein er kome i gang med kontrollar av naudutgangane på bussane. Dessutan har alle bussar med same type naudutgang som den havarerte Surnabussen fått pålegg om å plassere slagvåpen om bord. Hoem opplyser at Surnadal Billag etterkom kravet ved å anskaffe slagvåpen i alle sine bussar.

Les også: Dramatikk i Halsa for 55 år sidan: Buss gjekk i lufta