Dette er mine favorittalbum frå 1972

11.06.2022

I 1972 gjekk eg ut av ungdomsskulen, og vart frå hausten same året gymnasiast. Musikk var den altoppslukande interessa. På gymnaset fann eg mange likesinna.

Det er er eit stort utval av flotte album som feirar 50-årsjubileum i 2022. Som 1971, var også 1972 eit musikalsk gullår.

Eg har gått gjennom platesamlinga mi, og plukka fram eit knippe 1972-album som eg gjennom eit langt liv har hatt med meg. Du som les, har kanskje andre favorittar. Men det er jo det som er så fascinerande med musikk: Det finst ingen fasit på kva som er bra og ikkje.

I fjor laga eg ein oversikt over favorittar frå 1971. Eg bestemte meg for å plukke ut tolv. Det viste seg å bli litt snaut. At eg ikkje klarte å få med Colosseum Live og Fireball med Deep Purple, har i ettertid plaga meg så mykje at eg må nemne dei no. Desse høyrer med til dei albuma frå 1971 som eg den dag i dag tar fram og har stor glede av.

Her er mine topp tolv 1972-album, sett opp i alfabetisk rekkefølge:

Caravanserai - Santana
Etter det storarta tredjealbumet frå 1971, hadde eg høge forventningar til etterfølgaren Caravanserai. Dei vart langt på veg innfridde, sjølv om stilen på denne plata er noko annleis enn på dei tre første albuma. Det musikalske uttrykket er mjukare, og bevegar seg tidvis i retning av jazz. Ei omfattande endring i besetninga tok også til på denne tida. Etter Caravanserai forsvann sterke signaturar som Gregg Rolie (orgel) og Neil Schon (gitar) ut av gruppa.

Demons & Wizards - Uriah Heep
I 16-årsalderen var eg ein stor fan av Uriah Heep. Fascinasjonen har tapt seg nokså kraftig opp gjennom åra. Mykje av det gruppa gjorde, har rett og slett gått ut på dato. Men det finst to - tre unntak. Eit av desse er Demons & Wizards, som er ein smakfull miks av hardrock, sterke melodiar og flotte vokalarrangement. Albumet er det første med den klassiske besetninga Ken Hensley (tangentar), Mick Box (gitar), David Byron (vokal), Gary Thain (bass) og Lee Kerslake (trommer). Av desse er det berre Mick Box som lever. Uriah Heep er eit av dei fremste eksempla på at det å gjere karriere som rockestjerne på 70-talet, ofte var ein garanti for eit relativt kort liv.

Eat a Peach - The Allman Brothers Band
Eit gigantisk dobbeltalbum, som består av både studio- og livemateriale. Gitarlegenda Duane Allman, som omkom i ei motorsykkelulykke i 1971, er med på livedelen av plata. Allman Brothers band er rekna som sørstatrocken sine store pionerar. Bandet brukte to trommeslagarar, noko dei klarte å utnytte på ein særs elegant måte. Samarbeidet mellom Butch Trucks og Jai Johanny Johanson på Mountain Jam er rett og slett fenomenalt. Dette er ei av dei aller beste platene frå 1972.

Facing You - Keith Jarrett
Utforskinga mi av jazz starta ikkje for alvor før nærare midta av 70-talet. Dette var ei av dei første jazzplatene eg kjøpte. Albumet vart ein viktig døropnar inn i jazzverda. Eg hadde høyrt Jarrett i Jazzklubben på radio fleire gonger, og oppdaga etter kvart at dette var musikk som appellerte til meg. Facing You er det første albumet der Keith Jarrett spelar solo piano. På 80-talet fekk eg oppleve Keith Jarrett live på jazzfestivalen i Molde. Det var ein konsert som gjorde inntrykk.

Foxtrot - Genesis
Genesis vart berre betre og betre for kvart album på denne tida. Plata startar med mektige Watcher of the skies, som alltid har vore blant mine Genesis-favorittar. Den store gullgruva på Foxtrot er likevel 23 minutt lange Supper's Ready, som fyller heile B-sida på vinylutgåva. Supper's Ready består av sju sekvensar, vevd saman på usedvanleg intelligent og briljant vis. Foxtrot var det første Genesis-albumet som gjekk inn på dei britiske listene, med ein tolvteplass som høgste notering.

In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra - Procol Harum
Eit mirakel av eit konsertalbum, kort og godt. Dette er truleg den plata eg har spela flest gonger dei siste femti åra. Dermed skulle vel grunnen til at ho er med i denne 1972-lista nokså grei. Med melodiar som er skreddarsydde for kor- og orkesterarrangement, hentar gruppa her ut sitt aller beste. Åpningssporet Conquistador slår an tonen, etterfølgt av Whaling Stories, A Salty Dog og All This and More. Albumet kulminerer med ein monumental versjon av nesten 20 minutt lange In Held 'Twas In I, der gruppe, kor og okester smeltar saman i magisk samspel. Det er rart å renke på at i dag er det kun organist Chris Copping som lever av denne utgåva av Procol Harum. Gary Brooker (vokal og piano), B. J. Wilson (trommer), Dave Ball (gitar) og Alan Cartwright (bass) er alle borte.

Live in Japan - Deep Purple
Femti år etter at dette dobbeltalbumet kom ut, lurar eg på om det ikkje har fått ein ufortent høg status blant live-platene frå 70-talet. Når eg tek Live in Japan med her, er det fordi det er ei plate som eg trass alt har spelt veldig mykje opp gjennom åra og - ikkje minst - fordi ho gjorde eit voldsomt inntrykk da ho kom i hus. Ein del av kutta, som Highway Star, Strange Kind of Woman og Lazy held høg Purple-standard. Samtidig må vi lide oss gjennom ein støyande og meiningslaust lang versjon av Space Truckin'.

Loaded - Aunt Mary
Da Aunt Mary spelte inn Loaded, var den eksepsjonelt dyktige vokalisten Jan Groth ute av bandet. Men gruppa handterte tapet av Groth greitt, og leverer ei plate som står som eit av fleire minnesmerke over ei fantastisk oppvakningstid for norsk rock. Hausten 1972 gjesta Aunt Mary Tingvoll gymnas. Verda var ikkje større den gongen. Konserten sit spikra i minnet. Eg var skikkeleg imponert, men gløymer samtidig ikkje at bandet spelte nesten usannsynleg høgt. Meir vante konsertgjengarar enn vi førsteklassingane meinte det var lite å klage over. Saft var på Tingvoll året før, og hadde levert eit enda verre desibelsjokk.

Machine Head - Deep Purple
Etter å ha høyrt Highway Star på radioen, var vegen til samvirkelaget sitt platestativ kort. Machine Head måtte kjøpast snarast råd. Førti kroner vart trylla fram, og platehandelen kunne gjennomførast. Eg hadde tidlegare høyrt både på In Rock og Fireball. Men for ein 16-åring var Machine Head nærast som eit lynnedslag. Deep Purple har vore med meg i over femti år. Gruppa kan etter kvart vise til ein enorm katalog. Men Machine Head er og blir noko for seg sjølv. Smoke on the Water. Ja, den er der. Men Lazy, da mann. Og Pictures of Home, Space Truckin' - pluss alle dei andre. Eit meisterverk.

Thick as a Brick - Jethro Tull
Mange Jethro Tull-fans, mellom dei underteikna, vart overraska da denne plata kom ut. Det musikalske uttrykket, med John Evan sitt orgel langt framme i lydbildet, er nokså forskjellig frå den delvis gitartunge forgjengaren Aqualung. Thick as a Brick er eit konseptalbum i ordets rette forstand. Plata inneheld berre eitt samanhengande kutt, og teksta er eit einaste langt, samanhengande dikt. Dette skulle angivelege vere skrive av åtte år gamle Gerald Bostock, som Ian Anderson seinare sa at var ein oppdikta person. Eg brukte litt tid på å bli fortruleg med Thick as a Brick. I dag er plata blant mine definitive 70-talsfavorittar.

Tomorrow May be Vanished - Prudence
Dette må vere eit av dei beste debutalbuma i norsk rockehistorie. Med denne plata, som ber det fulle namnet Tomorrow May Be Vanished Victoria «Så Bærre Pass Dæ!», framstår gruppa som både original og nyskapande. Frontfigurane Åge Aleksandersen og Terje Tysland skulle seinare gjere karriere som soloartistar. Lite eller ingenting av det dei gjorde på eiga hand kjem opp mot Prudence si første plate. Røff gitar, trekkspel, mandolin og fløyte - Prudence anno 1972 var noko for seg sjølv.

Trilogy - Emerson Lake & Palmer
Trilogy var bandet sitt fjerde album på mindre enn to år. Men høg produksjon såg ikkje ut til å gå utover kreativitet og kvalitet. Tvert om. Trilogy er frå første til siste tone ei gjennomarbeidd plate, prega av sterke komposisjonar og arrangement. Eg har høyrt på ELP sidan eg var 15 år. Fascinasjonen min for trioen vart vekt gjennom Tarkus, som for alltid vil bety noko heilt spesielt for meg. I dag meiner eg likevel at Trilogy er Emerson Lake and Palmer sitt beste album. Det har liksom alt av det denne supertrioen kunne by på.

Les også: Eit musikalsk gullår: Her er mine 1971-favorittar