Eit skjema og eit VM-minne for livet

26.11.2022

For den som er fotballinteressert, knyter det seg mange minne og assosiasjonar til dei store meisterskapa. Resultatskjemaet frå VM i England i 1966, som du ser ovafor, betyr for meg noko heilt spesielt.

Eg og eldste bror min var berre ti og åtte år gamle den gongen. Ikkje berre såg vi kampane på TV, men vi slukte også alt som stod i Adresseavisen. Da avisa like før VM starta slo til med dette skjemaet, ga det meisterskapet ein ekstra dimensjon. Forventningane steig. Vi klipte herlegdomen ut, og skreiv inn resultata så sirleg og vakkert at lærarinna vår, ho Eldrid, heilt sikkert ville ha fryda seg.

Som ein vil sjå, er dei to første linene i tabellen i gruppe 1 ført inn med ei vaksen handskrift. Skrifta tilhøyrer faren vår, som var minst like interessert som eg og Ole Magne.

Meisterskapet i 1966 vart avvikla i tidsrommet 11.- 30. juli. Dette var med andre ord midt i slåttonna. Mange av kampane gjekk tidleg på kvelden, og var tidsmessig dermed godt tilpassa onnearbeidet. På denne tida var det folksamt i Utigard i slåttonna. Ein fotballkamp frå den store verda skapte trivsel i stua, og inspirasjon til neste arbeidsdag for både store og små.

I 1966 deltok 16 lag i VM. Med unntak av Nord-Korea, kom alle laga frå Europa og Sør-Amerika. I 2022 er 32 land med, og alle kontinent er representert. Ikkje minst har fotballen i Afrika tatt enorme steg sidan 1960-talet.

Nord-Korea var den store overraskinga i 1966. Laget greide å bli nummer to etter Sovjet i si pulje, med Italia og Chile bak seg. I kvartfinalen brygga det opp til kjempesensasjon. Nord-Korea møtte Portugal, og leia ei stund 3-0. Men etter kvart vakna portugisarane. Eusebio scora fire gonger, og Portugal vann 5-3.

Eusebio var den store helten denne sommaren. Han vart toppscorar i VM, med ni mål på seks kampar. Men vi lærte også mange andre storspelarar å kjenne. På TV såg vi Pele, Eusebio sin lagkamerat José Augusto, Gordon Banks, Bobby Charlton, Uwe Seeler og Franz Beckenbauer, for å nemne nokre få. Namnet Beckenbauer var litt vanskeleg å få tak på. Eg tykte i starten at kommentatorane sa backen Bauer, og trudde dermed at han var forsvarsspelar. Men Beckenbauer var altså ein av verdas beste midtbanespelarar på den tida, noko eg lærte ganske fort.

VM i 1966 var fritt for politiske overtonar. Meisterskapet fekk, etter datidas mål, brei dekning i media. Dette var likevel eit pust i sivet, samanlikna med det enorme mediatrykket rundt meisterskapa vår tid. Når eg klikkar meg inn i avisene frå 1966, ser eg ein helt annan journalistikk enn det som mediene publiserer i dag. Det meste har vorte betre, det er det ingen tvil om. For eksempel ville korrupte oljesjeikar og FIFA-sjefar stort sett ha fått fred for journalistane i 1966. Så kan vi vel samtidig vere einige om at det i vår tid er sprengt nokre grenser, som med fordel kunne ha fått vere i fred.

Tidene forandrar seg, og vi med dei. Men glansen rundt VM i England, med skjemaet frå Adresseavisen, kjem aldri til å falme. Takka vere Eusebio, har Portugal sidan sommaren 1966 alltid vore mitt favorittlandslag.

Les også:
Eg skal sjå fotball-VM - og skjemmest ikkje over det