Ekspertar reagerer på flukt frå touren

03.01.2022

For nokre dagar sidan langa eg i eit Vebju-innlegg ut mot toppløparar som står over Tour de Ski, og slik bidreg til å øydelegge det som skal vere langrennssporten sitt flaggskip i tillegg til meisterskapa. Artikkelen trefte tydelegvis eitt eller anna i det langrennsinteresserte folkedjupet. Fleire tusen personar over heile landet har lest innlegget, og talet på lesarar stig framleis.

Eg har fått både kjeft og støtte - mest det siste. No ser eg i VG at det er folk som er langt meir kompetente enn eg som også går ut og uttrykker uro over framtida til touren. «Tour de Ski har dessverre gått fra å være et høydepunkt til gjennomkjøringer og forberedelse», skriv skikongen Petter Northug på Twitter.

Ein av dei fremste ekspertane på norsk langrenn, rindalingen Birger Løfaldli i Adresseavisen, melder dette: «Magien er borte. Det spektakulære er fjernet. Internasjonalt langrenn er i ferd med å miste det fantastiske som ble skapt i 2006 og som løftet idretten».

Status tysdag 3. januar, før løparane la ut på den nest siste distansen, var denne: 86 kvinner og 111 menn starta første etappe av Tour de Ski i Lenzerheide. Til nest siste etappe var 52 kvinner og 64 menn på startlista. Stjerner som Therese Johaug, Hans Christer Holund og Sergej Ustjugov stilte aldri til start.

Spissing av form mot dei store meisterskapa, som tydelegvis er minst like finstilte greier som eit gammaldags sveitserur, truar med å gjere alt anna enn renna i VM og OL uinteressant for både løparar og publikum. For langrennssporten er dette drepande, sidan det i tre av fire år blir arrangert enten OL eller VM.

Eg skreiv kva eg meiner i dette innlegget. Noko må gjerast. I det internasjonale bildet er langrenn på defensiven. Løparane bør helst ikkje oppføre seg som egoistiske primadonnaer - om dei vil at deira eigen idrett skal ha ei framtid.