Stor festivitas da bygda fekk ny bru

24.03.2022

Vi fortset med litt meir stoff om Bøbrua.

I går publiserte Vebju ei sak frå 1957 om diskusjonen rundt dei ulike alternativa for vegsamband for Bølandet. I dag hoppar vi fram til opninga av brua 8. desember 1964.

Heile artikkelen til Tidens Krav er lagt ved som eit bilde. Du kan klikke på bildet og gjere det større. (Fungerer best på nettbrett og PC-skjerm).

Eg har mange barndomsminne frå Bøfjorden. Vi rodde over sundet for å handle på samvirkelaget på Bølandet. Det hugsar eg godt. Og eg ser enno klårt for meg korleis den gamle vegen gjekk gjennom tunet på Peøra. Da brua kom, vart vegen flytta og lagt over ekra nedanfor fjøset.

Det var stas å gå ut på den nye brua. Spesielt imponerande var det at ho kunne opne seg, slik at båtane fekk passere fritt. Bøbrua var 266 meter lang. Det gjorde den i 1964 til ei av dei lengste i fylket.

Les også: Veg, ferje eller bru? Bølandet trua av isolasjon sist på 50-talet