Urkraft og forbilde

19.10.2022

Da Norge gjekk til topps på herrestafetten under ski-VM i Oslo i 1966, var det eit svært etterlengta - ja, nesten historisk gull. Ikkje sidan 1937 hadde Norge vunne stafetten i eit VM.

Det er rart og vemodig å tenke på at tre av dei fire som utgjorde gullaget i 1966 no er borte. Ole Ellefsæter døydde tysdag denne veka. Han vart 83 år gammal. Gjermund Eggen gjekk bort i 2019 og Harald Grønningen i 2016. Berre Odd Martinsen er att. Han fyller 80 år 20. desember i år.

For ein sportsinteressert tiåring, som sat klistra til TV-skjermen gjennom heile VM, skapte denne kvartetten ei oppleving som har brent seg inn i minnet på ein heilt spesiell måte. Det var den første VM-stafetten eg såg, og den vart altså toppa med norsk gull. Avstanden ned til Finland på andreplass vart til slutt på 1.12 minutt.

Ole Ellefsæter sikra seg to VM-medaljar i 1966. I tillegg til stafettgullet, gjekk han inn til sølv på 15 kilometer. Her tok Norge tredobbelt, med Gjermund Eggen på førsteplass og Odd Martinsen på tredje.

To år seinare kom OL i Grenoble. Det skulle bli Ole Ellefsæter sitt store meisterskap. Han vann gull på den klassiske femmila, og var ankermann på det suverene stafettlaget. Stafettgullet vart vunne med ein margin på heile 1.40 minutt til Sverige på andreplass. Dei tre andre på laget var Odd Martinsen, Harald Grønningen og Pål Tyldum.

Gjennom prestasjonane i Oslo og Grenoble skreiv Ole Ellefsæter seg inn i den norske skihistoria med gullskrift. I dei mange minneorda som har vore publisert etter at han gjekk bort, er karakteristikken «bauta» ein gjengangar. Ole Ellefsæter var verkeleg ein bauta. Som løpar representerte han sjølve urkrafta i den norske langrennstradisjonen. Utanfor løypa, mellom anna som plateartist, framstod han som ein lågmælt, jordnær og jovial kar. Ole Ellefsæter hadde kort og godt alt som skulle til for å bli populær blant folk på 60-talet. Denne populariteten og det gode omdømet han bygde opp, skusla han aldri bort. Tvert om. Det ser vi av omtalen i media dei siste dagane.

Blant alt som har vore sagt, har eg lyst til å trekke fram eit avsnitt frå eit intervju som Ringsaker Blad hadde med Ole Ellefsæter sin venn og nabo Halvard Olestad etter dødsfallet.

- Han var en stor mann. Han var en bauta i bygda her. Vi kjente han som så mye mer enn en skiløper. Han var et medmenneske og han var så raus og romslig. Vi har søtti og mimra litt og det kommer opp så mange gode minner. Vi husker vi gikk i fakkeltog da han kom hjem fra Grenoble med to OL-gull. Eller om det var fra en dugnad i bygda her. Da var Ole alltid med. For meg var han en god nabo og en svært god samtalepartner. Så vi minnes mennesket. Han var en stor helt.

Alle har vi vår tilmålte tid her på jorda. Ikkje eingong gamle langrennskongar lever evig. Vi som vart oppslukte av langrenn tidleg i barndommen, og sidan har beheldt denne interessa, har minna å leve på. Minne om heltar og forbilde, som faktisk bidrog til å gi liva våre retning og innhald.

Ole Ellefsæter var ein skogens og naturens mann. Han gjekk ut av tida med motorsaga i handa. Rettare kunne det ikkje bli.

Les også: Tømmerhoggaren som fekk Sophia Loren på fanget