«Heradstyret tek opp arbeidet med motorbåtrute to dagar i veka»

10.08.2022

Ei ny tidsrekning starta for Bølandet, da Bøbrua kom i 1964. Før den tid var båten einaste framkomstmiddel til omverda.

Blar ein i gamle aviser, vil ein finne mange referat frå Åsskard kommunestyre, der båtsamband til Bølandet var tema. I Tidens Krav for fredag 22. august 1952, kan vi lese at «heradstyret tek opp arbeidet med motorbåtrute to dagar i veka».

I referatet heiter det vidare:

For i nokon mun å betre trafikktilhøva for Bølandet, har Åsskard heradstyre teke opp arbeidet for å få i gong ei motorbåtrute i korrespondanse med rutebilen i Skrøvsetvik. Ved ei slik ruteordning får Bølandet rutesamband med både Kristiansund og og Surnadal.

Ingebrigt A. Bøe har sagt seg viljug til å ta på seg ei motorbåtrute Bølandet - Skrøvsetvik kai to dagar for veka, morgon og kveld i korrespondanse med rutebilen i Skrøvsetvik, for ei årleg godtgjersle av ca. kr. 1200.

Heradstyret gjorde samrøystes slikt vedtak: Kommuna yter eit årleg tilskot på kr. 700 til Ingebrigt Bøe for å trafikere Bølandet kai - Skrøvsetvik kai to dagar i veka morgon og kveld i korrespondanse med rutebilen Skrøvsetvik - Surnadal. Resten av kostnaden reknar heradstyret med vil bli dekt av passasjer- og godsfrakter.

Kor lukrativ butikk denne trafikken vart for båtføraren, veit vi ikkje. Men ein kan vel neppe seie at kommunestyret sløsa med pengane i denne saka. Båten skulle altså krysse fjorden tur-retur rundt 200 gonger i året. Dermed vart tilskotet pr. tur-retur 3,50 kroner, som på den tida var nok til å dekke kjøp av rundt fire liter bensin.

Brusambandet over Bøsundet nærmar seg altså seksti år. Frå oppveksten hugsar eg godt denne storhendinga. Vegen vart lagt om gjennom Settemsøran som følge av nybrua, og gjennomgangstrafikken forsvann frå tunet på Peøra.

Les også: Stor festivitas da bygda fekk ny bru

Les også: Veg, ferje eller bru? Bølandet trua av isolasjon sist på 50-talet