Min musikk

Eg har vore interessert i musikk i heile mitt liv. Det har vore eit langt løp, frå Finn Eriksen (sjå annan artikkel på denne sida) til country, rock, jazz, elektronika, klassisk og samtidsmusikk. Country ga eg opp tidleg, elles har eg framleis stor glede av dei andre nemnde sjangrane. Og berre for å ha gjort det klart: Eg greier ikkje ut med visesong, og avskyr kappspeling på blekkhorn - også kalla gla'jazz.

På denne sida kjem eg til å skrive epistlar, gjerne anbefalingar, om musikk som betyr noko for meg. Du får følgje med. Meininga er at det skal kome oppdateringar med korte og ujamne mellomrom.

«Musikk bør finnes i alle hjem, unntatt
i nabo-leiligheten»

Ivar Wallensteen 

Det finst musikk som du knyter livslange band til. Eg skriv desse linene til akkompagnement av mine gamle heltar Emerson Lake & Palmer (ELP), som eg vart kjent med for rundt femti år sidan. Frå den tid har vi halde saman.

Mange minne dukkar opp når ein blar i ein gammal platebunke. Her ein dag kom eg over plata «Spelemannen» med den norske gruppa Eddy Zoltan.

Det er så rart med det. Den første plata du høyrer av ein utøvar som du lærer å sette pris på, blir ofte hengande ved deg for alltid. Personleg kan eg ramse opp ei lang rekke med slike eksempel.

Allereie året etter at Vårsøg platedebuterte med albumet «Vårsøg» i 1977, var trioen ute med oppfølgaren «Sola e komma». Tittelmelodien på den første plata vart ein udødeleg klassikar. LP nummer to hadde ingen melodiar med slik gjennomslagskraft, og hamna litt meir i skuggen. Eg tenkte derfor å slå eit slag for «No e sola komma», som musikalsk sett...

«Stillheten er ikke musikkens negasjon, men dens forlengelse». Det skriv Henrik Marstal i ei bok om den estiske komponisten Arvo Pärt.

Det er tid for julemusikk. Det har nesten vorte slik at alle artistar med respekt for seg sjølv gjev ut ei juleplate. Eg kan styre meg for mykje av dette.

Å vere musikkinteressert ungdom for 50 år sidan var spennande, men også tungvint og dyrt. Spennande fordi det dukka opp så mange band og artistar som gjekk nye vegar. Tungvint og dyrt fordi musikken var lite tilgjengeleg og ei LP-plate kosta ei formue.