På spissen

Meir enn førti års produksjon av leiarartiklar og kommentarar har sett sine spor. Denne sida er derfor å betrakte som terapi mot ein uhelbredeleg yrkesskade. Meiningsytringar om viktige og uviktige ting - det er det du vil finne her. Følg med.

Har du kommentarar til artiklane på denne sida? Send ein e-post til lsansnes@gmail.com. Om du gir beskjed, blir ytringa di lagt til under artikkelen.

(Du opnar artiklane ved å klikke på overskrifta).

Same dag som Nationen og Klassekampen publiserer ei måling der Høgre er like stort som Ap og Sp til saman, går forvarsminister Odd Roger Enoksen av som følge av ein svært upassande relasjon til ei ung kvinne på 2000-talet. Enoksen var da 50 gammal, ho berre 18. Ulykker kjem sjeldan åleine.

Ærverdige Bergens Tidende bryt ein 154 år lang tradisjon og sluttar med daglege leiarartiklar. Heretter skal avisa skrive leiarar kun når dei har noko viktig å melde. Kva no det måtte bety.

Over førti år etter at Karen Marie Ellefsen vart første kvinne i NRK-sporten - til akkompagnement av ein straum av hets og usakleg kritikk - må vi konstatere at verda på nokre område har problem med å gå framover. I 2022 er det skiskyttarkommentator Ingrid Sørli Glomnes sin tur til å oppleve den same stormen som Ellefsen vart utsett for....

Drivstoffprisane stig til himmels. Slik ser det i alle fall ut. Sanninga er likevel at bensin og diesel, sett i forhold til folk si inntekt, var mykje dyrare før i tida.

6. januar 2022 er det på dagen eitt år sidan storminga av kongressbygninga i Washington D. C. Tre dagar etter terroren kommenterte eg hendinga i ein kommentar i Aura Avis. Du finn kommentaren under bildet. Dessverre er den like aktuell i dag som for eitt år sidan.

For 16. gong kan vi som likar langrenn benke oss framfor TV-apparatet for å følge med på Tour de Ski. Tour'en var i si tid tenkt som eit flaggskip, som skulle blåse nytt liv i ei dalande interesse for langrenn.

Etter å ha tapt rettane til verdscupen i langrenn, må NRK prøve å redde stumpane. Løysinga vart ei storstilt satsing på langløp.