Arkiv første år

Vi er tilbake i sivilisasjonen etter ei halv veke på Tæla. Veret var ikkje det beste. Fleire av dei kente og kjære fjelltoppane som vi brukar å kvile blikket på, såg vi ikkje så lenge vi var der.

Enkelte idrettsprestasjonar festar seg sterkare i minnet enn andre. Eg var ikkje meir enn åtte år da Terje Pedersen sette sin legendariske verdsrekord i spyd 2. august 1964, men hugsar storhendinga veldig godt. Kastet var på ufattelege 91,72 meter, og var det første i historia over 90 meter. Pedersen sette også verdsrekord to månadar tidlegare med...

Overskrifta er henta frå eit lesarbrev i Aura Avis, ført i pennen av den tidlegare politikaren og skulemannen Ivar Bølset frå Tingvoll. Bølset set i innlegget fingeren på ei utfordring som har dukka opp i samband med den aukande dialektskrivinga, nemleg vokalane og diftongane.

21. august er det 53 år sidan Tsjekkoslovakia vart invadert av ein halv million soldatar frå Warszawapakt-landa Sovjet, Polen, Ungarn og Bulgaria. Det kommunistiske partiet i Tsjekkoslovakia eksperimenterte med demokratisering og andre reformer. Det skulle ikkje storebror Sovjet ha noko av.

Etter ein liten ferietur, som m.a. gjekk over Sognefjellet, slår det meg at det er stor forskjell på korleis ulike kommunar og ulike strøk av landet er i stand til å skape stoppunkt som kan fange interessa til dei vegfarande.

Kva ende skal ein begynne i? Omtrent slik tenkte eg da eg kom til den norske bokbyen i Fjærland. Mengda med brukte bøker var så overveldande, talet ligg på rundt 150.000 fordelt på 4 hyllekilometer (!), at her var det berre ein ting å gjere: Å innsjå at det var umogleg å rekke over alt, og heller satse på nokre...

Det første sommar-OL eg hugsar gjekk som i år i Tokyo. Året var 1964, og i Utigard Kvennbø hadde vi fått fjernsyn. Vi såg alt vi kunne sjå. Men tidforskjellen var da som no heilt håplaus.

Vi kostar på oss ein hyllest av ein av våre største vinteridrettsutøvarar gjennom tidene, Bjørn Wirkola. Den gamle storhopparen fyller 78 år 4. august.