Arkiv første år

Dette bildet er tatt av far min under ein ferietur på slutten av 60-talet. Eit bilde av ein moskus er i og for seg ingen sensasjon. Men bak dette fotoet skjuler det seg faktisk ei historie som lett kunne ha vorte både dramatisk og farleg. Men det var det ingen som tenkte på der og da. Ikkje eingong den elles så forsiktige og påpasselege faren min....

21. juli 1969. Det var ein dag i slåttonna. Ole Magne hadde gebursdag og det var godver. For broderen passa veret dårleg. Sol og varme betydde høykøyring, noko som igjen gjorde at feiringa av dagens hovudperson hamna litt i bakgrunnen. Han var vant til at det ofte var slik, men la aldri skjul på at han mislika det.

På ein regntung søndag kan det passe med eit par sommarminne. Dei er begge frå 2015. Det øvste bildet er tatt på Hitra, der det var usedvanleg lett å kjenne seg heime. Sjølv om det, så vidt eg veit, ikkje finst hitrablod i årene mine.

Eg beundrar kona mi Mette for utruleg mykje av det ho gjer og står for. Akkurat no beundrar eg ho nesten grenselaust for den innsatsen ho har lagt ned med å trene opp kneet sitt etter operasjonen 1. mars i år. Heilt sidan Mette kom heim frå sjukehuset har målet vore klart: Til sommars skulle ho greie å gå opp på Tæla igjen....

Tida går fort. Eg er inne i min 30. sesong som hytteeigar på Tæla. Stølen ligg ikkje lettvint til når noko tungt skal fraktast opp. Tre gonger har vi derfor brukt heltikopter til transport av større ting.