Min musikk

Eg har vore interessert i musikk i heile mitt liv. Det har vore eit langt løp, frå Finn Eriksen (sjå annan artikkel på denne sida) til country, rock, jazz, elektronika, klassisk og samtidsmusikk. Country ga eg opp tidleg, elles har eg framleis stor glede av dei andre nemnde sjangrane. Og berre for å ha gjort det klart: Eg greier ikkje ut med visesong, og avskyr kappspeling på blekkhorn - også kalla gla'jazz.

På denne sida kjem eg til å skrive epistlar, gjerne anbefalingar, om musikk som betyr noko for meg. Du får følgje med. Meininga er at det skal kome oppdateringar med korte og ujamne mellomrom.

«Musikk bør finnes i alle hjem, unntatt
i nabo-leiligheten»

Ivar Wallensteen 

Eg har aldri hatt noko nært forhold til Rolling Stones. Med unntak av «Sticky Fingers», tykkjer eg at mykje av det gruppa har prestert er nokså ordinært. Men det er no min smak. Nokre millionar platekjøparar på jorda har eit heilt anna syn.

Dei beste saksofonistane har ein tone i instrumentet som gjer dei lett gjenkjennelege. Jan Garabarek er ein av desse, For meg er Dick Heckstall-Smith (1934-2004) ein annan.

I ein gammal perm med musikkutklipp fann eg Adresseavisen si lesarkåring av årets artistar og plater i 1975. Det er interessant lesing. Musikarar og album som står seg den dag i dag dukkar opp. Andre har gått i gløymeboka for lenge sidan.

Keith Jarrett (piano), Jan Garbarek (saksofon), Palle Danielsson (bass) og Jon Christensen (trommer) - det er ein kvartett som for lengst har skrive seg inn i jazzhistoria med gullskrift. I 1974 ga dei ut klassikaren «Belonging». Opp gjennom åra har eg lytta eit utal gongar til albumet, som innan sjangeren jazz er blant mine aller største...

Klassikaren og meisterverket Dark Side of the Moon (1973) ruver så kolossalt i Pink Floyd sin produksjon, at den på det næraste kastar skugge over alt det andre som gruppa laga. Eg har inntrykk av at mange har kun denne eine Pink Floyd-plata i samlinga si. Til det er å seie at dei slett ikke har gjort noko dårleg val....

Det er tid for julemusikk. Det har nesten vorte slik at alle artistar med respekt for seg sjølv gjev ut ei juleplate. Eg kan styre meg for mykje av dette.

Det kjem mykje spennande musikk frå Island. Blant dei som for meg ragar aller høgast, er gruppa Sigur Rós. Bandet er oppkalla etter eit av medlemmane si veslesøster, Sigurrós, som på norsk betyr «seiersrose».

Verspåmennene og -kvinnene i TV-ruta får ha meg unnskyldt. Den mest pålitelige vermeldinga eg veit om, er jazz/fusion-bandet Weather Report.