Frå dag til dag

Avisene på Sunndalsøra gjer det godt om dagen. I fjor auka Aura Avis opplaget med 161 abonnentar. Driva, som dekker eit område som i folketal er dobbelt så stort som Aura Avis sitt nedslagsfelt, fekk ein pluss på 331 abonnentar.

Samferdsel og forholdet mellom by og land har i lange tider prega den offentlege debatten på Nordmøre. Det har vore mykje krangel og motsetnader. Men også forsonande røyster har latt høyre frå seg.

Som marsbarn veit eg ein ting, mars er ein retteleg snømånad. I løpet av ei hektisk sportshelg, har Bud fått kvit farge. For ikkje mange dagane sidan var plenene grøne her ute.

Dagen etter at eg las ut Silje Regine Bråthen si bok «Et møte med Maren», tar hovudpersonen i boka sølv i storbakken i Planica.

27. februar 1966, ein stad inne i den holmenkollske skoddeheimen, vart Bjørn Wirkola verdsmeister i stor bakke. Åtte dagar tidlegare vann han normalbakkerennet i Midstubakken. Saman med Gjermund Eggen, som tok tre langrennsgull i meisterskapet, vart Wirkola VM sin store forgrunnsfigur.

13. februar er det på dagen førti år sidan trønderen Rolf Falk-Larssen vart verdsmeister på skøyter på Bislett. Han gjekk til topps, trass i at han berre hadde nest beste poengsum.