I dag er ikkje foreninga meir. Men i 1981 var det stor aktivitet i yngreslaget på Eidet, der eg vaks opp. Bildet er henta frå Tidens Krav si utgåve for 27. april 1981, da avisa hadde ein omtale av laget sitt 20-årsjubileum.
Her er ein liten kunnskapstest til tidtrøyte i påska. Kor mange av dei 25 spørsmåla greier du? Svara finn du ved å scrolle forbi bildet som ligg under spørsmåla.
Fire gonger i perioden 1968-1971 stilte norske og utanlandske langrennsstjerner til dyst i Surnadal. Dei såkalla eliterenna skapte bortimot euforiske tilstandar blant både unge og eldre. Dei beste langrennsløparane hadde status på line med rockstjerner på denne tida.
Meir enn femti år har gått sidan det første fellesfjøset på Nordmøre vart tatt i bruk. Det skjedde hausten i 1972 i Todalen, der gardbrukarane Johan Ørsal, Ola Øyen og Eivind Grønmyr realiserte denne store nyvinninga.